I artikkelen får me forklart korleis literacy-omgrepet i større grad enn før dreier seg om det å delta i og forstå kommunikasjon. Å vera digitally literate, inneber meir enn berre å lesa noko, og forstå det. Det handlar om å delta i eit komplekst mediebilete ved å kunna deschiffrere informasjon, og vidare sjølvkommunisera ved å velga det mest passande mediet for kommunikasjonen.
I kartlegginga av digital literacy har to forskjellige tilnærminger vore vanlege. På den eine sida forsøker ein å kartlegge mekaniske ferdigheiter: greier du å oppretta ei mappe i windows, og å svare på ein mail? På den andre sida har ein fokus på det å henta ut relevant informasjon frå internett: kor har du henta dette, og er det truverdig?
Den mekaniske tilnærminga har i stor grad lagt på hylla etter at nye generasjonar vaks opp med det digitale. Sjølv om det sjølvsagt finst mange som ikkje meistrar alt like godt, vil ein kunna gå ut i frå at «alle» kan søka etter noko på nettet, men ikkje alle har den literacy som trengs for å håndtera denne mengden av informasjon. Digital literacy som ferdigheit er noko du kan ha, og med det noko som ein i varierande grad kan mangle.
Knobel og Lankshear kritiserer tendensen til å definera digital literacy berre ut i frå informasjonsutveksling. Menneskeleg kommunikasjon, også i digitale medier, dreier seg om meir enn informasjon. Også fokuset på literacy som evnen til å nå sanning blir kritisert i artikkelen. Til sist kritiserer dei tanken om literacy som noko du har, eller ikkje har. Literacy er ikkje ein sementert ferdigheit, i følge Knobel og Lankshear. Det ville vore betre å snakka om fleire literacies. Dei nemner som døme at det er forskjellige literacies som er i sving når du skriv doktorgradsoppgave og når du skriv ei handleliste. I ein digital kontekst kunne ein seia at det er forskjell på kva literacy ein har i ei lukka facebookgruppe for guttegjengen, og den som er i bruk i ein epost-tråd på jobben.
Knobel og Lankshear gir to eksempler på digitale litercies: blogg og fanfiction. Vidare peiker dei på at unge ikkje oppgir digitale ferdigheiter som vesentlige. Det er berre å prøva seg fram, jo! Med dette vil artikkelforfattarane få fram at den «klassiske» definisjonen av digital literacy ikkje er relevant i møte med dei som faktisk bruker digitale arenaer.
På bakgrunn av dette kjem Knobel og Lankshear med tre retningslinjer:
- Digital literacy burde ikkje bli noko statisk. Omgrepet må utfordrast, og ikkje handsamast som eit «det»: noko ein har, eller ikkje. Fastsatte kriterier for ein spesifikk ferdigheit kan også skapa avstand til dei som då ikkje når opp til desse.
- Dei som lager retningslinjer må unngå å laga pensum for digital literacy.
- Einsidig fokus på informasjon må kunna vika for fleire digitale arenaer, som til dømes spel og underholdande appar.
No comments:
Post a Comment