Sunday, January 20, 2019

Kapittel 4 "Language and interaction" (Gee & Hayes)

Gee & Hayes trekk opp skillet mellom to språklege motpoler: den eine er uformell, den andre formell. Den eine har mål om å skapa sosiale relasjonar, gjerne smalltalk, mens den andre skal vera nøytral, rasjonell og utan kjensler, gjerne akademisk kommunikasjon. Det finst eit kontinuum mellom desse som språkleg kommunikasjon beveger seg langs. Dei engelske omgrepa "small talk", "middle talk" og "big talk" er merkelapper som ein kan setta på kommunikasjon med ulik grad av innhald. Likevel kan det som tilsynelatande ser ut som small-talk ha djupare innhald. Derfor er det viktig å forstå heile konteksten kommunikasjonen foregår i for å vurdera om snakket er trivielt eller vesentleg.

Gee & Hayes skildrar vidare korleis skriftleg kommunikasjon nyttar seg av "fictions", fiksjonar eller abstraksjonar. Ein tekst kan retta seg mot tenkte lesarar: ulike grupper menneske. Teksten treng dessutan ikkje vera signert ein enkelt forfattar. Åtvaringa på ei medisineske har ikkje ein klar avsendar: det kan vera helsemyndigheitene eller legemiddelselskapet, og bakgrunnen for at teksten blei skrive kan vera omsorg, men også juridisk sikring for selskapet. Når ein tekst møter sin lesar, er det nye, unike møte kvar gong. Dermed er teksten og den tenkte lesaren abstraksjonar.

Essayet har vore allmengyldig som den rådande akademiske sjangeren. Eit essay skal ikkje ha noko subjektiv røyst, og helst holde seg til universell logikk og rette seg mot ein lesar som også godtar denne nøytrale, vitskapelege skrivemåten. Sjangeridealet forutset dermed at forfattaren ikkje er synleg som subjekt i teksten. Faren med dette, skriv Gee & Hayes, er at ingen er frie frå kultur. Dessutan er ikkje kjensler det motsatte av fornuft, dei er heller forutsetnader for å kunna bry seg nok om eit emne til å skriva om det. I moderne literacy-studier har skepsisen mot slike påståtte "nøytrale" tekster bana veg for å diskutera avsendaren av den enkelte tekst. Kven, eller kva, står bak teksten. Ein vel å sjå på organisasjoner eller meiningsfellesskap som aktive "talarar" og forfattarar.

Løgn og metaforer er med på å skape "fiksjoner". "Literacy" gjer at aktørar som ellers ikkje kunne uttala seg, nettopp kan gjera det. Dømet er sjølvsagt at me snakkar med kommunen. Me fekk ein telefon frå kyrkja. Me er ikkje einige i det Arbeidarpartiet seier. Organisasjonane blir fiksjonaliserte "subjekt" og sjølvstendige aktørar.

Gee & Hayes set opp fire forskjellige typer tale:

  1. Intimate talk. Dette er samtale mellom ektefolk, kjærester, familie og nære venner. 
  2. Peer talk. Samtale mellom "likemenn". 
  3. Status talk. Her deler ein vidare opp i to undergrupper: snakk med dei av høgare status, og snakk med dei av lågare status. 
  4. Stranger talk. 
Eit interessant punkt er at mange har tendens til å snakka mest frekt og nedlatande til 1 og 4: dei næraste og dei framande. Her er mindre på spel, og me rekner med at me slepp unna med meir frå desse. Når ein elev skal legga fram eit naturfagsprosjekt forventast han å snakka til læraren og klassen som til ein framand som ikkje anar noko om dette temaet. Anonymitet har gjort det lettare å viska ut skiljet mellom desse gruppene. Kildekritikk trongst lenge før internett, men det blir desto meir komplekst på grunn av det.

Til slutt blir kapittelet oppsumert slik: "Problems with and dilemmas over strangers, intimacy, status, fictions, lying, metaphors, anonymity, and institutions are inherent in literacy. They become yet more complex with the rise of digital media."

Gee, J. P. & Hayes, E. R. (2011) Language and learning in the Digital Age (s. 23-32). Routledge, London and New York.   

Sunday, January 13, 2019

Artikkelsamandrag til 14. januar - Knobel og Lankshear

I artikkelen får me forklart korleis literacy-omgrepet i større grad enn før dreier seg om det å delta i og forstå kommunikasjon. Å vera digitally literate, inneber meir enn berre å lesa noko, og forstå det. Det handlar om å delta i eit komplekst mediebilete ved å kunna deschiffrere informasjon, og vidare sjølvkommunisera ved å velga det mest passande mediet for kommunikasjonen.
I kartlegginga av digital literacy har to forskjellige tilnærminger vore vanlege. På den eine sida forsøker ein å kartlegge mekaniske ferdigheiter: greier du å oppretta ei mappe i windows, og å svare på ein mail? På den andre sida har ein fokus på det å henta ut relevant informasjon frå internett: kor har du henta dette, og er det truverdig?
Den mekaniske tilnærminga har i stor grad lagt på hylla etter at nye generasjonar vaks opp med det digitale. Sjølv om det sjølvsagt finst mange som ikkje meistrar alt like godt, vil ein kunna gå ut i frå at «alle» kan søka etter noko på nettet, men ikkje alle har den literacy som trengs for å håndtera denne mengden av informasjon. Digital literacy som ferdigheit er noko du kan ha, og med det noko som ein i varierande grad kan mangle. 
Knobel og Lankshear kritiserer tendensen til å definera digital literacy berre ut i frå informasjonsutveksling. Menneskeleg kommunikasjon, også i digitale medier, dreier seg om meir enn informasjon. Også fokuset på literacy som evnen til å nå sanning blir kritisert i artikkelen.  Til sist kritiserer dei tanken om literacy som noko du har, eller ikkje har. Literacy er ikkje ein sementert ferdigheit, i følge Knobel og Lankshear. Det ville vore betre å snakka om fleire literacies. Dei nemner som døme at det er forskjellige literacies som er i sving når du skriv doktorgradsoppgave og når du skriv ei handleliste. I ein digital kontekst kunne ein seia at det er forskjell på kva literacy ein har i ei lukka facebookgruppe for guttegjengen, og den som er i bruk i ein epost-tråd på jobben.
Knobel og Lankshear gir to eksempler på digitale litercies: blogg og fanfiction. Vidare peiker dei på at unge ikkje oppgir digitale ferdigheiter som vesentlige. Det er berre å prøva seg fram, jo! Med dette vil artikkelforfattarane få fram at den «klassiske» definisjonen av digital literacy ikkje er relevant i møte med dei som faktisk bruker digitale arenaer.
På bakgrunn av dette kjem Knobel og Lankshear med tre retningslinjer:
  • Digital literacy burde ikkje bli noko statisk. Omgrepet må utfordrast, og ikkje handsamast som eit «det»: noko ein har, eller ikkje.  Fastsatte kriterier for ein spesifikk ferdigheit kan også skapa avstand til dei som då ikkje når opp til desse.
  • Dei som lager retningslinjer må unngå å laga pensum for digital literacy.
  • Einsidig fokus på informasjon må kunna vika for fleire digitale arenaer, som til dømes spel og underholdande appar.

Digitale vaner. Kvinne i starten av 30-åra.

Kvinna er en mediekonsument som har både mobil, data, nettbrett og fjernsyn. Nettbrettet hører til jobben, og brukes helst av sønn (6).
Mobilen ligger på nattbordet og brukes som vekkerklokke. Mobilen er ikke mye i bruk før kvinna sitter på toget. Før dette har hun sett fjernsyn med sønnen sin mens de spiser frokost. Da er det gjerne et opptak av en fotballkamp fra dagen før.
Hun veksler mellom podkast på toget og musikk på bussen. Da er det blant annet podkaster om foreldrerollen eller om politikk.
Når kvinna kommer hjem lager hun middag. Det er helst når sønnen ikke er til stede at hun hører på noe mens hun lager maten. Hun kan likevel uansett bruke dataskjermen til oppskriftsbok.
Handlelister er bevart analogt, sjøl om kalenderen blei digitalisert for noen år siden. Telefonsamtaler tas om lag en gang om dagen.
Hun viser stort mangfold i mediebruken, men er ikke gjennomdigitalisert. Mobilen er sjelden automatisk framme, uten at det er noe som hun bevisst går inn for å sjekke.